@MorgonGry Profile picture

Morgon-Gry

@MorgonGry

Livet er ingen draum. Prøver kvar dag å takle livets harde realitetar. Glad i kattar og poesi.

Joined April 2016
Similar User
Stig Hjelmeland photo

@SHjelmeland

Elin Åsbakk Lind photo

@ElinLind

inger e solem photo

@solem_e

Alfred M Sandøy photo

@alfredsandoy

Vigleik M. Aas photo

@VigleikM

edgar dehli photo

@dehliedgar

Bruno Strømme photo

@Vaffelplate

Kjeks Ingerud photo

@IngeIngerud

Egil Bore photo

@bore_egil

Ingefar photo

@ingefaren

Arnhild Melve photo

@ArnhildM

Tor Søreng photo

@Pinad99915468

Kjersti photo

@k_jeje_

Dag Skinlo photo

@DSkinlo

Ingrid Dønnestad photo

@dnnestad

Pinned

Eg er som ei gammal vinylplate Nokre ripete spor og eit litt falma omslag men for samlarar eit skikkeleg funn


Alt som skjer i verda no i livet no Med folk eg kjenner med folk eg ikkje kjenner Alt som skjer får meg til å tenkje får meg til undre Set seg i magen legg seg på hjartet Alt som skjer Grublar eg på ein laurdagskveld ein vårkveld i mars Men framleis er det vinter


Morgon-Gry Reposted

Var eg Gud: Eg skapte Regnbogen stolt kviskra eg deg Du er eit regnbogebarn Sjå meg inn i augo Du veit eg elskar deg minst like mykje som dei andre. 🌈 #Pride2022


Takk for poesien på Tredet i kveld, @Brynjulf du skriv fantastisk godt


Bomber Geværskot Miner Granatar Menneskeskrik Lyden av krig Det er no Det er nær Det er ein gal manns verk Bileta rullar endelaust forbi Det er ingen film men lat det vere som på film der onde menn alltid taper til slutt


I natt drøymer eg ikkje Eg ligg vaken og kjenner landet skjelv Eg ligg vaken og høyrer vibrasjonane av kvardagsliv som sprengest sunde og hjarte som splintrast i to I natt drøymer eg ikkje Eg ser tomheita i ristande barnehender når taket om famtida glepp I natt ligg eg vaken


Barn Kvinner Menn saknar spor som fører heim Det er krig


Kom til meg Kjenn pulsen banke hol i uroa Hald hendene mine Lytt etter stillheita i eit vingeslag


ta vare på deg sjøl seier dei eg veit eg veit eg veit men kan nokon berre for ei bittelita stund ta vare på meg sjøl for meg


Hvorfor er jeg så trøtt når du sover Ventilasjonsanlegget puster inn natten jevnt og monotont Jeg vugger fram og tilbake Husets ro ligger på skuldrene mine Jeg kan ikke sove


du grip om dagen pustar inn lyset held det rastlaust fast med begge hender det er inga ro du hastar rundt for dagen går så fort du kjenner mørket puste deg i nakken dei lange skuggane i natta kveiler seg rundt tankane dine Kviskrar søvnlaust at stjerner ikkje finst


Vind- og regnfull dag ved havet.

Tweet Image 1

Mitt nyttårsønske for 2022 er balanse. Verken meir eller mindre.


Vakker romjulsdag på tur.

Tweet Image 1

God laurdagskveld 😊

Tweet Image 1

Er det innafor å feire seg sjøl mest når ein har bursdag på den internasjonale mannsdagen?


Nokre dagar er ein berre veldig sliten og lei seg. Nokre dagar orkar ein egentlig ingenting som helst. Nokre dagar har ein ikkje lyst til å ta seg sammen.


Fin dag på tur.

Tweet Image 1

Loading...

Something went wrong.


Something went wrong.